NYTT HOS LIVSLYST!!
NO KAN DU FÅ DEN FANTASTISKE AURLANDSSKOEN HOS LIVSLYST I SOGNDAL!!
VI HAR NO FÅTT INN FARGANE ROSA, RAUD OG BLÅ
GÅ INN PÅ SIDA TIL AURLANDSKOEN OG LES HISTORIEN:http://www.aurlandskoen.no/
NYTT DESIGN
Medan 1930-talet var prega av økonomiske nedgangstider elles i verda, var det godt håp i Aurland. Ein ny sko var i ferd med å kome på marknaden, og denne vart ein stor suksess. På den tida vart skoen kalla Aurlandsmokasinen, men seinare fekk den namnet Aurlandskoen.
Nils Tveranger stod også bak bak ideen og designet av den nye modellen. Skoen hadde likskapar med Teseskoen, som hadde vore laga i Aurland sidan andre halvdel av 1800-talet.
Den nye Aurlandsmokasinen vart svært ettertrakta i tiåra etter 2. verdskrigen. Alle ville gjerne ha den populære skoen, som etter kvart vart ein motesko for begge kjønn. Skoen vart òg ein del av frigjeringa på 1960-talet, då både menn og kvinner ville gå i fotformsko. For kvinnene kan det sjå ut som om skoen vart ein del av ein ny symbolikk, når dei no kvitta seg med dei høge hælane.





Takk for hyggelig mail.
Vi er superfornøgd og alle her i butikken har no fått sin nye favorittsko! : ) Nyheit!! Dei er mjuke og gode med ein gong!
Velkomen innom!!
Ha ein fin dag og fortsatt fin sommar!
mvh
Elisabet